Annlaug Børsheim (f. 1982) er musikar, komponist og tekstforfattar frå Ulvik, busett i Bergen, som jobbar innanfor eit vidt spekter av musikk; frå tradisjonell slåttemusikk på hardingfele til støyete elektriske gitarar og visete popmusikk.
Annlaug har gjeve ut fleire plater, både solo og saman med andre og turnerer i inn og utland. Ho er involvert i fleire prosjekt, mellom anna duoen Djønne&Børsheim saman med toradarspelar Rannveig Djønne, Frode Grytten Beat Band saman med Frode Grytten og Pedro Carmona-Alvarez, og i ulike prosjekt saman med skodespelar Vibeke Flesland Havre. Saman har dei utvikla framsyningane “Alle har en liten dør bak øret”, som vart vist på symposiet i 2023 og “Platons drikkegilde” som vart vist i 2024.
