LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

ANNA KLEIVA
ANNA KLEIVA
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
DAG JOHAN HAUGERUD
DAG JOHAN HAUGERUD
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
STEIN TORLEIF BJELLA
STEIN TORLEIF BJELLA
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
ØYVIND RIMBEREID
ØYVIND RIMBEREID

INGER-KRISTINE RIBER

Inger-Kristine Riber er ein klassisk pianist frå Voss, kjend for innsiktsfulle og energiske framføringar. Med eit omfattande repertoar og solid erfaring har ho utmerka seg gjennom konsertar i Skandinavia, Europa og USA.

Med meir enn ti år i musikkbransjen har Inger-Kristine utvikla ei unik evne til å engasjere og inspirere publikummet sitt, anten ho framfører åleine, som kammermusikar eller som akkompagnatør. Ho er utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges musikkhøgskole, Hochschule für Musik, Theater und Medien Hannover og Berklee i USA. Dedikasjonen og talentet hennar vart belønna med stipend frå Norges Forskningsråd og RWE-DEAD, noko som opna dører for vidare internasjonale oppdrag i fleire land.

Inger-Kristine er òg ei drivande kraft i kulturlivet som gründer. Ho er dedikert til innovasjon og har ei djup forståing for kreativitetens verdi i samfunnet. Gjennom sitt arbeid har ho skapt inspirerande arenaer og arrangert utallige konserter, festivalar og pedagogiske initiativ og er idag styreleiar for det tverrfagalege forumet for profesjonelle kunstnarar i Hardanger, Harding Puls.

Som komponist nærmar Inger-Kristine seg musikken med ei kreativ og innovativ haldning. Ho utforskar stadig nye måtar å blande musikkstilar på og har høsta anerkjenning for dette. Debutalbumet hennar RIT viser evna hennar til å kombinere klassisk musikk med moderne elektronisk lyddesign. Albumet representerer ei nyskapande tilnærming til den tradisjonelle liedsyklusen, inspirert av dikta til Olav H. Hauge.

Program

Tidligere program

Tidligere program

INGER-KRISTINE RIBER