Øyvind Rimbereid (f. 1966) er ein norsk forfattar og lyrikar frå Stavanger. Rimbereid er utdanna cand. philol. fra Universitetet i Bergen med hovudfag i nordisk språk og litteratur, og var i ei årrekkje undervisningsleiar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Rimbereid debuterte som forfattar med novellesamlinga Det har begynt i 1993 og gav ut ei novellesamling og ein roman før han endeleg debuterte som lyrikar med Seine topografiar i 2000. Seinare har han halde seg til lyrikken og er ein av dei mest originale og utfordrande stemmene i norsk samtidslyrikk.
Solaris korrigert (2004) er ei av dei mest ikoniske norske diktsamlingane. Ho var med på lista over Noregs litterære kanon, ei liste over norsk litteraturs 25 viktigste verk, utarbeidd av ein fagjury frå Norsk litteraturfestival.
Rimbereid har blitt heidra med ei rekkje prisar, mellom anna Sultprisen 2001, Kritikerprisen 2004, Brageprisen 2008, Donlougprisen 2010, Kritikerprisen 2013, Gyldendalprisen 2013, Diktartavla 2017, Aschehougprisen 2017 og Triztan Vindtorn poesipris 2023. Rimbereid er den einaste lyrikaren som har motteke Kritikerprisen to gonger.
Hans så lang siste utgjeving er diktsamlinga Hvorfor hjerte nummer to frå 2023.
