Annika Linn Verdal Homme (fødd 1997) er ein norsk teikneserieskapar, musikar, illustratør og grafisk designar frå Kristiansand, busett i Oslo. Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo.
Homme er kjend for teikneseriar og bildebøker for barn og unge, mellom anna Gigabror (2024), Lava: Historien om hvordan alt som var fast, plutselig ble flytende (2025), og Byggmester Kattepus & gjengen kjører traktor (2026).
Homme er også vokalist i punkerockbandet Daufødt som tidlegare har gjeve ut albuma 1000 Island (2020), Aromaterapi (2022), Eksponeringsterapi (2023) og Glitter (2024).
Homme driv også Blekksprutn risotrykkeri i Oslo saman med tidlegare medstudentar.
