LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

H. L. PHOENIX
H. L. PHOENIX
ANDERS TOTLAND
ANDERS TOTLAND
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
BENDIK BAKSAAS
BENDIK BAKSAAS
BJØRN HATTERUD
BJØRN HATTERUD
BRYNJULF JUNG TJØNN
BRYNJULF JUNG TJØNN
CAROLINE UGELSTAD ELNÆS
CAROLINE UGELSTAD ELNÆS
CECILIE LØVEID
CECILIE LØVEID
DUC MAI-THE
DUC MAI-THE
DUC MAI-THE
DUC MAI-THE
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FIN SERCK-HANSEN
FIN SERCK-HANSEN
FLU HARTBERG
FLU HARTBERG
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
HÅKON OPDAL
HÅKON OPDAL
JOHN ERIK RILEY
JOHN ERIK RILEY
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI MJØR
KJERSTI MJØR
KNUT NÆRUM
KNUT NÆRUM
LARS OVE SELJESTAD
LARS OVE SELJESTAD
LARS SAABYE CHRISTENSEN
LARS SAABYE CHRISTENSEN
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
LINDA EIDE
LINDA EIDE
MAREN SKOLEM
MAREN SKOLEM
MARIA NAVARRO SKARANGER
MARIA NAVARRO SKARANGER
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MÍMIR KRISTJÁNSSON
MÍMIR KRISTJÁNSSON
MOLLY ØXNEVAD
MOLLY ØXNEVAD
ODIN STAVELAND
ODIN STAVELAND
OLAUG NILSSEN
OLAUG NILSSEN
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PRIYA BAINS
PRIYA BAINS
RANDI FUGLEHAUG
RANDI FUGLEHAUG
SIVERT NESBØ
SIVERT NESBØ
SVEN BISGAARD SUNDET
SVEN BISGAARD SUNDET
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
TORMOD HAUGLAND
TORMOD HAUGLAND
TOVE NILSEN
TOVE NILSEN
VILDE TUV
VILDE TUV

Katalog 2021

Program2021

LITTERATURSYMPOSIET

"Hva er det med Odda, dette nitriste stedet innerst i Sørfjorden, knuget av høye fjell, som er i stand til å få frem slike dyktige forfattere?"
Dette spørsmålet stilte Arvid Bryne i Dagbladet hausten 2001. Frå det vaks arrangementet "Ka e det med Odda ?", som sette fokus på forfattarar og skribentar frå Odda, og som inspirerte til fleire litteraturarrangement, og kanskje også til at fleire blei forfattarar?

Litteratursymposiet i Odda har blitt arrangert i oktober (veke 41) sidan 2005. Med den moderne klassikaren "Bikubesong" dikta Frode Grytten Odda inn i norsk litteraturhistorie i 1999. Seinare har fleire forfattarar og skribentar frå Odda oppnådd nasjonalt gjennombrot, som Lars Ove Seljestad, Marit Eikemo, Bjørn Ingvaldsen, Brynjulf Raaen, Hallgeir Opedal, Knut Olav Åmås, Fredrik Hagen og Paal Elstad.

Litteratursymposiet i Odda står i ei særstilling fordi litteraturen og staden er så tett knytta saman. Den lokale forankringa i alle ledd gir arrangementet ein heilt spesiell energi og atmosfære, og publikumstalet aukar for kvart år. Fleire av arenaene på symposiet er allereie legendariske både i industrihistoria, lokalhistoria – og etter kvart også i litteraturhistoria: Lindehuset i det nedlagde smelteverket, Hardanger Hotel, Odda Kino, Meieriet og fabrikkane i Odda. 

I løpet av få år har litteratursymposiet i Odda gått frå å vere eit lite lokalt arrangement med einsidig lokalt forankra forfattarar -  til å bli ein nasjonal festival som strekker seg over fem dagar. Heimstadsdikting, arbeidarlitteratur og klassereise har alltid vore på agendaen. Kvart år har festivalen hatt eit tema:
  • Frå industrikultur til kulturindustri (2005)
  • Politisk litteratur (2006)
  • Kjærleik (2007)
  • Litteraturen i musikken i litteraturen (2008)  
  • Litterære bilete (2009)  
  • Smuss (2010)
  • Bråk (2011)
  • Fengsla (2012)
  • Unorsk  (2013)  
  • Kompis (2014) 
  • Heim (2015) 
  • Hjelp (2016) 
  • Kapital (2017)  
  • Løgn (2018) 
  • Døden (2019) 
  • No. 15 (2020) - koronaspesial og 15årsjubileum
  • Attrå (2021) 
Etter fem år med idealistisk innsats og utrygg økonomi, fekk Litteratursymposiet i Odda i prosjektstøtte frå Visjon Vest i 2009. Midlane var øyremerka profesjonalisering av drifta av litteratursymposiet. Marit Eikemo blei tilsett som festivalleiar, og ho arbeidde med å få på plass ein profesjonell organisasjon og sikre den vidare økonomiske plattforma for Litteratursymposiet. Symposiet har sidan det vekse og etablert seg som ein av landets mest sagnomsuste festivalar. Publikumstala dobla seg alt første året, og både besøkstala, tal på inviterte forfattarar og arrangement, og ikkje minst kvaliteten på programmet, fekk under hennar leiing eit løft. Sommaren 2014 takka Marit for seg. Ingvild Ystanes, festivalkoordinator for Litteratursymposiet sidan 2011, vart konstituert som festivalleiar. I 2015 vart ho tilsett som festivalleiar og har vore det sidan.  

Litteratursymposiet i Odda ynskjer å vere ein vesentlig litteraturformidlar og premissleverandør i det norske litterære festivallandskapet og har ambisjonar om å utvikla den litterære aktiviteten utanom festivaltida.
Project_20171011_0007
Haust i Odda
murboligen%20bakg%C3%A5rdsfest2
Murboligen /Bikuben
Project_20171011_0012
Landets beste litteraturfestivalpublikum?