Leander Djønne (fødd 1981 i Odda) er biletkunstnar og forfattar, og bur og arbeider i Ullensvang.
Djønne sin kunstnarlege praksis beveger seg mellom film, tekst, foto og skulptur. Kunstnarskapen skildrar konfliktar og samanhengar mellom natur og sivilisasjon og korleis mennesket inngår i dette spelet. Assosiative forbindelsar mellom lyrikk og historiske fakta frå arkeologi og industrihistorie dannar grunnlaget for mange av kunstverka. Djønne har vist arbeid gjennom soloutstillingar, gruppeutstillingar og publikasjonar nasjonalt og internasjonalt gjennom dei siste femten åra.
I 2022 romandebuterte han på Oktober forlag med Oskespiralen. Lanseringsfesten for denne gjekk for fulle hus på symposiet 2022. Debuten fekk svært mykje merksemd og gode meldingar då han kom ut, og i 2023 gjekk romanen heilt til topps, som vinnar av den anerkjende Lytternes romanpris.
I fjor kom bok nummer to frå Djønne. Romanen Alt et mottok glitrande meldingar og vann Brageprisen.
