Rolf-Magne Golten Andersen (fødd 1983) er ein norsk barnebokforfattar, dramatikar og tekstforfattar frå Sotra utanfor Bergen, no busett i Dale i Sunnfjord.
Andersen står bak Kokosbananas- og Nattninja-serien, og har bakgrunn frå film, radio og TV, mellom anna som manusforfattar til Hermann Flesvig sin serie Førstegangstjenesten, P3morgen, Hallo i uken, Komiprisen og Topp 20-turneen. I 2024 vart han tildelt Teskjekjerringprisen for Kokosbananas-serien.
