LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.–4. oktober

Eikemos leseselskap

Forfattar Marit Eikemo, psykolog Elisabeth Norman og mulitiinstrumentalist Annlaug Børsheim.

Eikemos Leseselskap kjem til Odda! Eit nytt fellesskap for litteraturinteresserte med samtalar, musikk og mykje meir. Forfattar Marit Eikemo er vertskap og kurator, den litteraturinteresserte multiintrumentalisten Annlaug Børsheim er husband og psykologiprofessor og forfattar Elisabeth Norman er huspsykolog. Første møte i Leseselskapet fann stad i Bergen i mai med temaet vennskap. Når Leseselskapet no kjem til Litteratursymposet i Odda er det sjølvsagt vrange forfattarskapar som skal under lupa.

Anbefalt (men ikkje påkrevd) pensumliste: Jeg dro ned til bror av Karin Smirnoff, Sjelesorg av Dag Johan Haugerud og Seksti kilo solskinn av Hallgrímur Helgason.
 

Eikemos leseselskap er eit medlemsbasert fellesskap for litteraturinteresserte med regelmessige arrangement på Det Vestnorske Teateret i Bergen.

Medlemspris: 120. For ikkje-medlemmer kostar dette og dei øvrige leseselskap-arrangementa 250 kroner.

Du kan lese meir om Eikemos leseselskap her: https://www.detvestnorsketeateret.no/kalender/eikemos-leseselskap/ 

 

Eikemos%20leseselskap

Pris

250,-/120,-

Dato og tid

01.10 kl. 18.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
ELISABETH NORMAN
ELISABETH NORMAN
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM