Marita Aarekol (fødd 1959 i Odda) er ein norsk fotograf. Ho har studert ved State University of New York og Høgskolen på Vestlandet, og har svennebrev som fotograf.
Aarekol arbeidde i fleire tiår som pressefotograf i Bergens Tidende. Fotografia hennar har vore publiserte i aviser og tidsskrift både i Noreg og internasjonalt, og ho har motteke fleire prisar for arbeida sine.
Aarekol er særleg kjend for eit dokumentarisk blikk på stad og samfunn, der ho kombinerer journalistisk presisjon med eit sterkt visuelt uttrykk. Gjennom karrieren har ho skildra både kvardagsliv og større samfunnsendringar, nasjonalt og internasjonalt.
Gjennom åra som fotograf i Bergens Tidende har Aarekol reist på kryss og tvers på Vestlandet. På desse reisene vakna interessa for forlatne hus som finst spreidde i landskapet – hus som står att som stille vitne om livet som ein gong vart levde der. Resultatet vart fotoserien “De forlatte hjemmene” som vann Norsk Journalistlag sin pris Sølvparaplyen i 2024.
Marita Aarekol er årets symposieutstillar med fotografi av dei forlatne husa og landskapa dei høyrer til i. Utstillinga byggjer vidare på prosjektet frå Bergens Tidende, og bileta blir presenterte som ei visuell forteljing om minne, tilhøyrsle og dei spora menneske etterlet seg. Gjennom fotografi får dei forlatne heimane nytt liv som berarar av historier om arbeid, kvardag, draumar og tap.
Saman med forfattar Marit Eikemo har prosjektet også resultert i boka Husdraumar. Boka utdjuper forteljingane bak husa og set bileta inn i ei større kulturhistorisk og litterær samanheng.
