Karin Smirnoff (f. 1964) er ein svensk forfattar, busett i Västerbotten i Nord-Sverige. Ho debuterte i 2018 med den første boka om Jana Kippo, Jeg dro ned til bror. Deretter kom oppfølgjarane Vi dro opp med mor og Så dro jeg hjem. Bøkene er hylla og prislønte.
Smirnoff har hatt eit svært variert yrkesliv. Ho har drive gatekjøkkenbod, jobba som journalist og marknadsførar, og innan heimesjukepleie .
Smirnoff utdanna seg til fotograf ved Kulturama tidleg på 1990-tallet og jobba deretter som journalist og marknadsførar. 1994–1995 studerte ho kreativ svensk ved Umeå universitet
Frå 2017 til 2019 vidareutdanna Smirnoff seg innan litterær design ved Lunds universitet.
Romandebuen Jeg dro ned til bror vart nominert til Augustprisen 2018 og er den første boka i romantrilogien om Jana Kippo. Boka vart også kåra til beste roman i 2018 av den svenske bokhandlerforeningen (BMF). Oppfølgjaren, Vi dro opp med mor, kom i 2019, og den tredje og siste delen, Så dro jeg hjem, vart utgjeve i 2020. Bøkene er skrive på eit unikt språk, som mellom anna påverkar personnamn.
I 2021 vart det annonsert at Smirnoff skulle ta over skrivinga av Millennium-serien.
I 2022 kom Smirnoff si første bok i serien, Havørnens skrik. Hausten 2024 kom oppfølgjaren, Gaupas klo. I den første boka flytta ho handlinga til Norrland, eit miljø som Smirnoff, som bur i Nord-Sverige, er godt kjend med.
I desember 2025 hadde Jeg dro ned til bror premiere som TV-serie.