Cecilie Hellestveit (fødd 1972) er ein norsk jurist og samfunnsvitar frå Kvinnherad med doktorgrad i internasjonal humanitærrett/krigens folkerett.
Hellestveit har arbeidd som frittståande akademikar og som konflikt- og folkerettsforsker ved ulike institusjonar sidan byrjinga av 2000-tallet. Ho er frå 2025 tilknytta NTNU som forskar og førsteamanuensis ved Institutt for historiske fag, Norges institusjon for menneskerettigheter som spesialrådgiver, og det uavhengige Folkerettsinstituttet. Ho arbeider med, underviser og publiserer om krig og geopolitikk, folkerett, krigens folkerett, menneskerettar og folkerettens regulering av ny teknologi. Ho har mellom anna forfatta monografien Krigens folkerett med Gro Nystuen.
Hellestveit tok juridisk embetseksamen (cand.jur.) ved Universitetet i Bergen (UiB) og studerte internasjonale studier og folkerett i Paris. Ho er cand.mag. med språk- og områdestudier i arabisk/midtøstenstudier, russisk/sovjetstudier og spansk/latinamerikastudier, og ho snakkar spansk, engelsk, fransk, russisk, arabisk, tysk og hebraisk.Hausten 2026 gjev ho ut ikkje mindre enn tre bøker; Nordens kamp. Vårt svar når verden brenner, Folkerettsnøkkelen. Reglene om reglene og Oljefondet og etikken.
