LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

SMÅSYMP: ALLE HAR EN LITEN DØR BAK ØRET

Symposiets barneprogram for barnefamiliar. “Alle har en liten dør bak øret” er ein teaterserie som består av åtte ulike framsyningar for born frå to år og oppover. På årets SmåSymp viser vi to av dei.
Episodane er enkeltståande og kan opplevast uavhengig av kvarandre. Utgangspunktet for framsyningane er nyare norsk poesi, dikt og tekstar henta frå ulike bøker og samlingar gjeve ut etter år 2000. Folkemusikar Annlaug Børsheim har sett musikk til fleire av dikta, og saman med skodespelar Vibeke Flesland Havre, scenograf Mari Watn og lysdesignar Silje Grimstad har dei laga eit poetisk univers for born i alle aldrar.

Det sceniske landskapet er laga av pappøskjer i ulike storleikar, enkle pappfigurar og kleshengarar i metall. Vi blir kjende med gåsa som har så altfor mange tankar i hovudet sitt, hunden som har ein storm i hovudet og muldvarpen som har ein tendens til å grave seg ned. Og med den kloke katten som går ute om natta. Ved hjelp av skuggeteater og magisk lyssetting blir figurane levande, og borna blir med inn i eit særeige univers der ord, musikk og estetikk smeltar saman. 

KL. 11.00 - Storm i hodet
KL. 12.00 - Øyeblikk

I år kan de velge å kjøpe billett til ei av forestillingane (kr 150,-), eller ein fellesbillett til begge forestillingane (kr. 250,-).
Billettane kjøpes som vanleg på Ticketco.
program-closed
Allehar12%20Magnus%20Skrede

Pris

150 / 250

Dato og tid

08.10 kl. 11.00 og 12.00

Sted

ODDA KINO

Medverkande

ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM