Odin (Staveland, fødd 1985) er ein norsk artist, komponist, musikar og plateprodusent.
Arbeidet hans har blitt nominert til Spellemannsprisen ved flere høve. Sidan 2008 har han vore medlem av Vamp på tangenter, trommer og vokal, og har skrive fleire låter for dei. Han er ein av grunnleggarane av Haugesund Popensemble, som gav ut sitt første album i 2006. Han speler trommer i bandet, og bidreg som pianist, korist og tekstforfattar.
Odin har sidan albumet "Mellom husene" utvikla eit særeige og kompromisslaust musikalsk univers, og i 2020 fekk albumet "Sillajazz" strålande kritikkar. Uttrykket er poetisk, detaljert og ei språkleg utforsking av kjensler og ikkje minst Odin sitt blikk på samfunnet vi lever i.
