Linda Eide (fødd i 1969) er ein norsk journalist, forfattar og humorist frå Voss.
I fleire år var ho kjend for å reise land og strand i raud joggedress, på jakt etter norske attraksjonar. Dette vart det både bok og tv-serie av.
Sidan 2017 har Eide laga talkshowet Eides språksjov, inspirert av språkkveldane Ut med språket på Litteraturhuset i Bergen, i samarbeid med språkprofessor Gunnstein Akselberg og pianist Sjur Hjeltnes, begge frå Voss.
Linda Eide har fått mange prisar for arbeidet sitt, og i 2006 fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar, og Melsom-prisen i 2013.
Eide har skrive sju bøker, m.a. debuten Då gamlemor baka seg i hel: Moderne skillingsdikt (2000), Norsk attraksjon: Guiden til det du ikkje finn i guideboka (2012) og Lydjournalistikk: innføring i radio og podkasting (2015, med Jørgen Warvik Lyngvær og Lars Nyre). For Oppdrag Mottro: Jakta på gamle dagar (2012), basert på telefonsamtalar med mor si, fekk ho Melsomprisen, og boka blei i 2018 sett opp som framsyning på Det Norske Teatret.
I haust er Eide igjen bokaktuell.
