Reidar Borgstrøm (fødd 1942) er ein norsk biolog og professor frå Odda. Han er cand. real. frå Universitetet i Oslo, dr. agric frå Noregs landbrukshøgskule (NLH), og professor emeritus same stad ved det som no heiter Norges miljø- og biovitskapelege universitet.
Borgstrøm var tilsett på Zoologisk museum ved Universitetet i Oslo frå 1968 til 1977, og deretter tilsett ved NLH. Han har skrive fleire hundre vitskaplege og populærvitskaplege artiklar og ulike forskingsrapportar, og vore redaktør og medforfattar av fleire vitskaplege bøker og lærebøker. Ein del av forskingsinnsatsen har vore lagt til Hardangervidda, særleg i Litlos-området, der han òg har vore rettleiar for eit stort tal masterstudentar.
Dei siste tiåra har han vore oppteken av villreinforvalting, og skrive mange avisartiklar, populærvitskaplege og vitskaplege artiklar om villrein og villreinforvalting.
Borgstrøm bur i Ås, der han i ei årrekke har vore med i styret i Ås mållag, og framleis sit som skrivar.
Borgstrøm har i seinare år skrive to kulturhistoriske verk for Indre Hardanger. «Stølar og buer i Kvenne-, Veig- og Kinsevassdraga» frå 2024 og «Stølar i Odda, frå Rebjørg og Skjeldesete i nord til Seljestad i sør» frå 2025.
Tidlegare i år vart han tildelt Ullensvang kommune sin kulturpris for 2025 for framifrå engasjement og omfattande kulturminnearbeid for Indre Hardanger og Hardangervidda.
