Johanne Øvstebø Tvedten (fødd 1957) er ein norsk formidlar, foredragsholdar og dramapedagog. Ho arbeider med munnleg forteljing som scenekunst, og fortel for både barn, unge og eldre.
Ho har arbeidd som lærar i grunnskulen og på folkehøgskule, og har tidlegare vore undervisningsleiar ved Sunnhordaland Museum på Stord.
Tvedten kjem til Litteratursymposiet i Odda med framsyninga “Røyster mellom to land” med Reidun Horvei og Inger-Kristine Riber.
