Morten Svartveit (f. 1978) frå Voss er utdanna frå Det russiske akademiet for teaterkunst (GITIS) (2004-2008), og er sidan 2019 fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret.
Svartveit er ein skodespelar med vidt spenn, og har hatt roller innan både barneteater, seriøse drama, musikkteater og musikalar. Han blei kjend for eit større publikum som karakteren Espen Eide gjennom NRK-serien Heimebane (2018-2019). Han har også mellom anna spelt rolla som Anders Knudsen i Viaplay-serien Okkupert (2015-2017, TV2-serien Grenseland (2017), Steinar i julekalenderserien Stjernestøv (2020) på NRK, Leif i NRK-serien Gutta på skauen (2022) og Charlie i Viaplay-serien Pørni (2021-2022). Innan film har han hatt roller i mellom anna Rosemari (2016), Når jeg faller (2018), Flukten over grensen (2020), Gulltransporten (2022) og Victoria må dø (2024).
