Hallgrímur Helgason, fødd i Reykjavik i 1959, er ein av Island sine fremste forfattarar. Han starta karrieren sin som malar, og har holdt meir enn 30 utstillingar internasjonalt. Han romandebuterte i 1990, og sidan har det kome ei rekke kritikarroste bøker. Helgason har motteke Islands Litteraturpris tre gonger, mellom anna for dei to første bøkene i Seksti kilo-sagaen.
Romanen Seksti kilo solskinn kom ut på norsk i år, og er ei storslått og oppslukande forteljing om nordmenn og islendingar si felles historie på Island. Romanen er den første i Seksti kilo-sagaen, og har blitt hylla som eit meisterverk og eit høgdepunkt innan moderne islandsk litteratur.
Sagt om Seksti kilo solskinn:
«Storartet fra Island ... glitrer av det reneste litterære gull... Terningkast 6.»
