Stein Torleif Bjella (f. 1968) er ein norsk musikar og forfattar frå Ål i Hallingdal. Bjella debuterte som soloartist i 2009 med albumet Heidersmenn. Bjella har nådd eit stort publikum med låtar som «Psykisk kan du vera sjøl» (2009), «Romantikken gjer meg sjuk» (2011) og «Alt rundt er det samma» (2016). Musikkmeldarane trekk fram formidlingsevna og dei gode historiene. Temaet i songane er gjerne det sørgmodige, men likevel gode livet på bygda.
I 2017 debuterte Bjella som forfattar med den kritikarroste diktsamlinga Jordsjukantologien Nr. 1. For romanen Fiskehuset vart Bjella tildelt Nynorsk litteraturpris 2021. Han vart òg nominert til P2-lytternes romanpris.
Våren 2026 kom Bjella ut med albumet Velkommen skodde, kor han samarbeider med den kjende produsenten Daniel Lanois.