LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.–4. oktober

Sigd

Scenisk lesing med Morten Svartveit, Kjærsti Odden Skjeldal og musikar Sjur Miljeteig.

Scenisk lesing av Ruth Lillegravens diktsamling Sigd, med skodespelarane Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal, tonesett av Sjur Miljeteig.

Boka handlar om odelsguten Endre som veks opp på ein gard på Vestlandet ein gong på 1800-talet. Snart skal han ta over, nett som far hans ein gong gjorde, og far hans igjen, og så bakover i generasjonar. Men noko er gale. Det er noko som har teke bustad i Endre sin kropp. Noko som gneg på ledda hans, og som legg seg oppå han med full tyngde og hindrar han i å arbeide. Ikkje greier han å føre slekta vidare heller. Kona Abelone blir stadig gravid, men noko barn kjem aldri til verda. Til slutt må Endre innsjå at livet ikkje vart slik det skulle bli. Så kven er han no?

 

Sigd

Pris

300

Dato og tid

03.10 kl. 16.00

Sted

ODDA KYRKJE

Medverkande

KJÆRSTI ODDEN SKJELDAL
KJÆRSTI ODDEN SKJELDAL
MORTEN SVARTVEIT
MORTEN SVARTVEIT
SJUR MILJETEIG
SJUR MILJETEIG