"Trolltunga - Eit vilt stykke norgeshistorie" av Halvor Folgerø med vertinne Linda Eide og gjester.
Førpremiere på Halvor Folgerø si kommande bok, Trolltunga: Eit vilt stykke Norgeshistorie, som fortel den elleville historia om korleis Trolltunga-turismen eksploderte på få år, om kva problem det skapte, og om kva ein har lært. Ei historie om flaks, tilfeldigheiter, smart marknadsføring og sosiale medium. Om masseturisme, leiteaksjonar, villcamping, køar og trafikkaos, og om eit lokalsamfunn som evna å snu seg rundt. Programvert Linda Eide styrer showet og tek imot Folgerø med gjester.