Karin Smirnoff har teke over stafettpinnen etter David Lagercrantz med å skrive dei nye bøkene i Millennium-serien, opphavleg skapt av Stieg Larsson. Ho har ført serien inn i samtida, med nye historier og nye samfunnsmessige farer for Mikael Blomkvist og Lisbeth Salander.
Stieg Larssons Millennium-trilogi blei eit verdsomspennande fenomen, med Lisbeth Salander som ein av dei mest særeigne figurane i moderne krim. Salander er intelligent, sosialt vrang og kompromisslaus. Ho er traumatisert, men ikkje eit offer. Ho står på utsida av samfunnet, men har ein skarp evne til å gjennomskode makt og system. Figuren som starta som ein outsider, har blitt ei av dei største kommersielle litterære merkevarene i verda.
Kva skjer når ein forfattar overtek ein annan forfattar sin karakter? Lisbeth Salander har overlevd forfattaren som skapte henne, og blitt ført vidare frå Larsson til Lagercrantz og no Smirnoff. Personlegheit, historie, fakter, veremåte og minne må på eit vis førast vidare, samtidig som ein ny forfattar nødvendigvis vil forme karakteren på nytt.
Korleis blir ein oppdikta person representert i forfattaren sitt mentale univers – og i lesaren sitt? Ein karakter vi berre møter gjennom tekst, kan få ein svært rik og tydeleg identitet i hovudet vårt, på same måte som vi kan danne oss eit bilete av verkelege menneske vi aldri har møtt, men berre kjenner gjennom andre sine forteljingar.
Karin Smirnoff møter psykolog Elisabeth Norman til samtale om Lisbeth Salander, om fiktive karakterar og det merkelege fenomenet at ein litterær figur kan bli større enn forfattaren som skapte henne.
