Kva kostar det å stå imot?
Marte Michelet og Cecilie Hellestveit møter Elise Winterthun til samtale om å gå mot straumen, stå i stormen og halde fast ved det ein meiner er sant – sjølv når motstanden blir sterk.
Gjennom arbeidet sitt har begge utfordra etablerte forteljingar og sterke konsensusar. Då Marte Michelet gav ut Hva visste Hjemmefronten? gjekk ho inn i eit av dei mest sentrale kapitla i norsk sjølvforståing. Med nye kjelder og kritiske spørsmål undersøkte ho forteljinga om heimefronten si rolle under deportasjonen av norske jødar, og utløyste ei av dei mest oppheita historie- og minnedebattane i nyare tid.
Forskar og folkerettsekspert Cecilie Hellestveit har på si side gjort seg kjend som ei stemme som sjeldan seier det folk ønskjer å høyre. I møte med krig, vald og internasjonale konfliktar insisterer ho på juridiske realitetar framfor moralske ønskje, peikar på dilemma framfor enkle svar og utfordrar både makthavarar og aktivistar. Ho minner oss om at ekspertise ikkje alltid skal skape semje, men avdekke grenser, ansvar og tap.
Begge representerer ein type vrangskap som ikkje handlar om provokasjon for provokasjonen si skuld, men om viljen til å halde fast ved det kompliserte når presset for forenkling er stort. Kva skjer når forsking, dokumentasjon og fagleg integritet kolliderer med nasjonale mytar, politiske behov eller sterke kjensler? Korleis lever ein med kritikken som følgjer? Og kvifor treng vi dei som vågar å vere kjerringa mot straumen?
Ein samtale om motstand, kunnskap, tvil og prisen for å stå åleine.
