LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

ALEXANDER LØKEN
ALEXANDER LØKEN
ERLEND O. NØDTVEDT
ERLEND O. NØDTVEDT
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
GRO DAHLE
GRO DAHLE
GUNNAR WÆRNESS
GUNNAR WÆRNESS
HELEN KALDHEIM
HELEN KALDHEIM
HELGE THORBJØRNSEN
HELGE THORBJØRNSEN
INGER BRÅTVEIT
INGER BRÅTVEIT
JON ØYSTEIN FLINK
JON ØYSTEIN FLINK
KASPAR COLLING NIELSEN
KASPAR COLLING NIELSEN
KRISTIN FRIDTUN
KRISTIN FRIDTUN
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
LINDA EIDE
LINDA EIDE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRI SANDBERG
SIGRI SANDBERG
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
SJUR HJELTNES
SJUR HJELTNES
SVEIN TINDBERG
SVEIN TINDBERG
THURE ERIK LUND
THURE ERIK LUND

Katalog 2022

Katalog for program 2022

Publikumstal på Litteratursymposiet i Odda 2021

 
Litteratursymposiet i Odda 2021 gjennomførde ein heidundrande festival i veke 40. Publikumstalet kom opp i heile 6114 publikummarar!

Symposiet kunne i 2021 inviterer til heile 92 arrangement, der 30 av desse var arrangement for born og unge i barnehagar og på skular i heile kommunen. Dei aller fleste elevane får tilbod om eit eller fleire arrangement på symposiet. 

Til samanlikning var det 3444 gjester på tredagarsfestivalen i 2020, og 7500 besøkande på Litteratursymposiet i 2019.



Tidlegare år har Litteratursymposiet alltid blitt arrangert i veke 41, same tid som store deler av Vestlandet har haustferie. Dette har sjølvsagt vore gunstig og sørga for tilreisande publikum tidleg i festivalen. Då Ullensvang kommune endra skuleruta til å ha haustferie veka vi normalt arrangerer symposium, måtte symposiet flyttast ei veke fram. Tilbodet vårt til born og unge er ein såpass viktig del av festivalen og samfunnsoppdraget vårt, at det ikkje var aktuelt å gjennomføre i skuleferien. Det var knytt stor spaning til korleis endring av veka ville slå ut på publikumtilstrøyminga. Vi merka ein nedgang i tilreisande gjester onsdag og torsdag i festivalen, men mot helga strøyma publikum til frå fjernt og nært.   


-  Etter ein nedskalert koronafestival i 2020, gambla vi på at det ville vere mogleg med meir aktivitet i 2021. Vi hadde flaks og god timing, og kunne invitere til festival eit par veker etter gjenopninga av samfunnet. Folk var tydelegvis klare for festival: Publikumstilstrøyyminga var over all forventing, og energien i byen var til å ta og føle på desse dagane, seier ein svært nøgd festivalleiar, Ingvild Ystanes.

 
 
< Tilbake