LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER

Tre oddaforfattarar med nye bøker

Ikkje mindre enn tre oddaforfattarar er aktuelle med nye bøker denne hausten.

Leander Djønne kjem med romanen Alt et som følgjer i dei same spora som Oskespiralen frå 2022. For Oskespiralen vann Djønne same året Lytternes romanpris i P2.

Håkon Opdal kjem med boka Elgjegerliv der han tek lesaren med inn i jegaren si verd av tradisjonar, samhald og nærleik til naturen.

Leif Einar "Lothepus" Lothe kjem med sjølvhjelpsmanualen Lothepus-manualen: Dette fiksar du! I boka har Lothe plukka ut ferdigheiter det er lurt å ha i verktøykassa – og ein del praktiske triks som berre er jækla kule å kunne. Boka er ført i pennen av Heidi Molstad Andresen.

På laurdagen kan du få med deg alle tre; Djønne i Odda kino, Opdal hos Norli og Lothe på den nye campingen sin der han skal ha sleppfest.
< Tilbake