Hausten 2026 kjem det eit symposie-bokskred av dei reint sjeldne. Heile 12 bøker signert årets symposieforfattarar vert gjeve ut frå august til oktober!
Frode Gytten kjem med ny Odda-roman, Marit Eikemo har saman med fotograf Marita Aarekol skrive bok om forlatne heimar på Vestlandet, Pedro Carmona-Alvarez kjem med ein murstein på nesten 1000 sider (!), Linda Eide har skrive bok om språk, Simon Stranger kjem med ein ny ungdomsroman; ein såkalla flettverksroman, Halvor Folgerø har skrive bok om det spinnville Trolltunga-eventyret, islandske Hallgrímur Helgason si andre bok i Seksti kilo-sagaen er endeleg snart klar på norsk, Øyvind Rimbereid kjem med nytt langdikt, professor i psykologi Elisabeth Norman har skrive krimroman, og superkvinna Cecilie Hellestveit kjem med ikkje mindre enn tre bøker denne hausten.
Les meir om bøkene HER!