Støvet har lagt seg i Lindehuset, og vi har no hatt tid til å kikke på tala etter årets symposium.
I alt gjennomførte vi 71 arrangement over fire dagar, og det samla publikumstalet landa på like over 6400! Av desse var rundt 1500 barn og unge. Dette er ein solid auke frå i fjor då vi enda på 5800 publikummarar alt i alt.
Særleg positiv er auken i publikumstal med tanke på at vi i fjor hadde fleire store produksjonar, noko som typisk sett trekk mykje folk. Både små og store arrangement var godt besøkte alle dagane i år, og både opningsframsyninga, Litterær Kraftstasjon, og det årevise klimakset, talkshowet Hallo Odda!, trekte fullt Lindehus kvar sin kveld! Så stas!
Tusen hjarteleg takk til alle som kom og gjorde årets festival så fin!