LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

H. L. PHOENIX
ANDERZ EIDE
ANNE OTERHOLM
ARNFINN KOLERUD
BASTARD SONS OF ODDA
CHRIS TVEDT
DAVY WATHNE
DJ SIGAZ
DJ STERK
EINAR GELIUS
EIVIND RIISE HAUGE
ELISE WINTERTHUN
FANNY DUCKERT
FINN TOKVAM
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNAR STAALESEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GURO KVALNES
HENNING H. BERGSVÅG
HERDIS MOLDØEN
HÅKON OPDAL
JENS KIHL
KIM CHRISTER HYLLAND
KJERSTI MJØR
KRISTIN FRIDTUN
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS OVE SELJESTAD
LARS VIK
LENA LINDGREN
MAGNHILD BRUHEIM
MARIA KJOS FONN
MARIT EIKEMO
MORTEN LANGELAND
NILS-ØIVIND HAAGENSEN
ODDA UNGDOMSSKULE
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PER BUVIK
PER KNUTSEN
RUNE CHRISTIANSEN
RUTH LILLEGRAVEN
SISSEL GRAN
SKRIVEKUNSTAKADEMIET
STIAN CARSTENSEN
TEKSTALLIANSE
THEA SELLIAAS THORSEN
TOR ARVE RØSSLAND
TORGRIM EGGEN
TRUDE MARSTEIN
TUVA ØRBECK SØRHEIM
ZEBRA DUO
ØYVIND KVALNES

Katalog 2021

Program2021

Katalog 2021

Program2021

Rekordstort billettsal

Det er i år ti år sidan symposiets spede byrjing, og i løpet av desse åra har festivalen vekse i omfang og publikumstal for kvart år. Dei siste to åra har vi hatt fleire besøkande på symposiet enn det er folk i heile Odda kommune.

--Veldig mange gler seg til Litteratursymposiet, for mange er dette eit av årets store høgdepunkt. Publikum i Odda er stort og dedikert og bidrar til den heilt spesielle stemningen på festivalen. I tillegg kjem det bare fleire og fleire tilreisande for kvart år. Vi har landets beste publikum, seier festivalleiar Marit Eikemo

Sjølv om billettsalet går svært bra, understreker ho at det likevel er mange billettar igjen. Bare Bikubesalong er heilt utselt.
--Av erfaring veit vi at fleire arrangement blir utselt i løpet av symposiet, derfor har vi i år programmert med ekstra mange parallelle arrangement. Alle som vil skal få litterære opplevingar i løpet av symposiet 10.-14 oktober, lovar Eikemo.

Årets tema er fengsla, som i juss, forbrytelse og straff - og krimlitteratur. Samtidig rommar det tema som kjærleik og begjær, alderdom og død. Temaet gir ein aktuell og samtidig open inngang til samfunnslitteraturen og samfunnsdebatten.

På opningforestillinga på onsdag, Litterær kraftstasjon, vil Cathrine Grøndahl, poet og jurist og bistandsadvokat for dei etterlatne etter 22 juli, reflektere over årets tema. Opningsforestillinga byr også på ei urframføring når Trond Espen Seim og Anne Ryg framfører Lars Ove Seljestads Fars tale i dialog med Kjartan Fløgstads Durdeis tale frå romanane Blind og Dalen Portland. Frode Gryttens alter ego, oddingen Helge Olsen, vil ikkje klare å halde seg unna rampelyset i år heller. Og elles nemner vi Tyssedalkoret og den svenske poeten og psykoanalytikaren UKON blant dei som tradisjonen tru vil gjøre Litterær kraftstasjon til ei forrykande forestilling. Det blir sjølvsagt talar og helsingar, samt kunngjering av vinnaren av årets Melsompris.

Litteratursymposiet har i år eit sterkare nordisk preg enn tidligare, og samarbeider med det nordiske kritikarlaget «Fria seminaret i litterær kritikk», som deltar på årets program med fleire av sine medlemmer. I programposten Norden les Solstad, Solstad les Norden vil publikum få presentert ulike nordiske nærlesingar av Dag Solstads Ellevte roman, bok atten. Og Solstad sjølv vil halde eit innlegg om korleis han «les Norden», om mottakinga av forfattarskapen sin i dei respektive landa.

Tematikkar rundt klasse og arbeidarlitteratur står som vanlig sentralt på Litteratursymposiets program. I år tar vi den store klassehatdebatten med Kjartan Fløgstad, Johan Jönson, Lars Ove Seljestad og Cathrine Knudsen. Debatten blir etterfølgt av ei musikalsk storhappening når forfattarar og musikarar framfører kvar si tolking av Lennon-klassikaren working class hero i Lindehuset. Maja Ratkje og Poing, Linda Eide, Erlend O. Nødtvedt, Sjef R i Side Brok og Pedro Carmona-Alvarez vil levere kvar sine bidrag.

Vi tar krimlitteraturen på alvor og inviterer til miniseminar om krim og litterær kvalitet. Den tidligare gymnaslæraren, aksjespekulanten og tilflytta oddingen Asbjørn Lauvstad føler seg fanga i ein Frode Grytten-roman og vi inviterer dei til debatt om forholdet mellom LItterære karakterar og levande oddingar. Vi ser nærmare på demens som litterært tema, og forbrytelsen og straffa i romanar av Vigdis Hjorth og Dag Solstad. Ketil Bjørnstad kjem tilbake til Odda for å spele på sin gamle kjærleik, Steinways D-modell, som enda i Formannshuset i Odda etter å ha blitt gitt bort og neglisjert og brukt til russerevyar i mange år.

Møt forfattarar i samtalar, opplesingar og debattar fem dagar til ende: Frode Grytten, Cathrine Grøndahl, Trude Marstein, Lars Ove Seljestad, Vigdis Hjorth, Kjartan Fløgstad, Brit Bildøen, Johan Jönson, Pedro Carmona Alvarez, Marit Tusvik, Vidar Kvalshaug, Dag Solstad, UKON, Chris Tvedt, Tom Egeland, Linda Eide, Espen Stueland, Gunstein Bakke, Henning H Bergsvåg, Erlend O. Nødtvedt, Tormod Haugland, Kaja Schjerven Mollerin, Cathrine Knudsen, Ketil Bjørnstad, Tor Eystein Øverås, Ane Farsethås, Eirk Vassenden, Anne Oterholm, Marit Eikemo, Pål Norheim.

Det blir konsertar med mellom andre Side Brok og Maja Ratkje og Poing, samt utstillingar av Lars Korff Lothus, Ignas Krunglevicius og Fin Serck-Hanssen. Hanssen kjem til Odda med utstillinga, Normaliserande Sanksjonar, store fotografi som tidligare har hengt i fleire norske fengsel. I løpet av symposiet skal dei henge utandørs på ruinane av Odda smelteverk.

Som vanlig blir det også Bikubegang med Frode Grytten, Bikubesalong, og ikkje minst fotballdebatt! Det blir som alltid eit stort program for barn og unge, med Bjørn Rørvik, Lars Mæhle, Aina Basso, Sylvelin Vatle, Roald Kaldestad, Atle Hansen, Liv Eirill Evensen


 
 
< Tilbake