LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

PUBLIKUMSREKORD!


8140 publikummarar besøkte Litteratursymposiet i Odda sine 100 arrangement forrige veke. 1720 av desse var born og unge i skular og barnehagar i Odda og Ullensvang.

Den førre rekorden var på 8047 og var frå 2011. Billettinntektene passerer 600 000,-, men vert truleg noko mindre enn i fjor, då vi selde for 665 000,-

- Fint å slå den gamle rekorden. 2011 har vore vanskeleg å slå. Det året var tema Bråk, vi hadde store skuleforestillingar, og det var det året Sentralbadet Litteraturhus opna som landets 2. litteraturhus, seier festivalleiar Ingvild Ystanes i ein kommentar.

- Alle andre er jo opptatt av rekordar. Vi har vore mest opptatt av å lage ein så god festival som mogleg. Ambisjonen var eigentleg å ta det noko ned, men det gjekk berre sånn passe bra. Ekstra kjekt då at vi fyller opp og at det var fleire arrangement vi måtte vise folk som ikkje hadde billettar vekk, det var fullt. I tillegg til 100 arrangement har vi lyssett store deler av smelteverket og opna opp nye bygg for publikum.










< Tilbake