Forfattarbesøk på skular og barnehagar i Ullensvang
Barnehagar og småskulen får besøk av
Vegard Markhus og av
Teater Avvik med forestillingen Bikuben, der ein passe vaksen mann i passe fin dress dukkar opp med ein bikube som viser seg å være reine forundringspakken.
Ruth Lillegraven og
Tor Arve Røssland besøker småskulen, og mellomtrinnet får besøk av
Arnfinn Kolerud, HL Phoenix, Tor Arve Røssland og
Magnhild Bruheim.
Magnhild Bruheim, Heidi Sævareid og
Tor Arve Røssland skal til Ungdomsskulane. Dei to sistnemnde skal óg møte elevar på vidaregåande skule. Dit skal óg poet og performer
Fredrik Høyer. Elevane får ein snikkikk på den digitale forestillinga Odda Undergrunn, som Fredrik spelte inn under Smelteverket i september.
I år som alle år, jobbar elevar på
Odda ungdomsskole med eiga tekstskaping i prosjektet
Skrifta på veggen: Dei skriv korte tekstar om nokre av tema på symposiet opp gjennom åra. Desse skal dei framføre på forestillinga U-BAR, tonesett av elevar på musikkfag, og dei kjem nok, som alltid, til å dukke opp med geriljalesing i gatene.
LAURDAG KL. 12.00 / LINDEHUSET
SMÅSYMP - NABOEN MIN
Symposiets forestilling for småbarnsfamiliar! Naboen min lagar musikk som får ungar til å synge, danse, gruble og le. På den nye plata Alt blir feil! får vi høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Om du vil læra deg nokre gloser på romvesensk, har du kome på riktig stad!