LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

ANNA KLEIVA
ANNA KLEIVA
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
DAG JOHAN HAUGERUD
DAG JOHAN HAUGERUD
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
ØYVIND RIMBEREID
ØYVIND RIMBEREID

Program for barnehagar og skular

FORFATTARBESØK

Anders Totland og Kathrine Nedrejord møter elevar på mellom- og ungdomstrinnet.

Dei besøker ungdomstrinnet i Odda, Jondal og Hauso og mellomtrinnet i Kinsarvik og Hauso.

 

TEATERROTTENE PÅ SUPERDUPERHEMMELEG OPPDRAG PÅ DITT

BIBLIOTEK - Teater

Mellom hyllene og i kjellaren er det rottene som styrer, fiksar og ordnar. Dei er dei usynlege hjelparane som gjer at alt går knirkefritt på biblioteket kvar einaste dag. Men no er det nok - rottene gidd ikkje meir! Og idet dei er fri for rottepliktene kjem dei plutseleg over eit publikum på biblioteket å vere saman med. No vil dei underhalde! Klarer dei det utan at biblioteksjefen oppdagar dei?

Teaterrottene speler for 1.-4. klasse og barnehagane i Odda, Tyssedal, Hauso og Vikebygd, og SFO og barnehagar frå Lofthus og Kinsarvik.

 

GI MEG EN KLEM - Figurteaterframsyning

Kaktusen Felipe ønsker seg ein klem. Men korleis skal det gå til når han er ein kaktus? Dei driv jo ikkje med klemming. Ein dag får han ein ny venn: ein stor gul ballong. Korleis skal dette gå? 

Figurteaterframsyning som bygger på den prisløna biletboka “Gi meg ein klem” av Simona Ciraolo.

Gi meg en klem vert vist for 1.-3. klasse og barnehagane i Odda, Tyssedal, Jondal, Skare og Røldal.

 

BJØRNSON UNPLUGGED - Teater

Utstyrt med berre ei gardintrapp, eit bakteppe og ein verktøykasse tek to barske karar publikum med på ei reise spekka med fantasi, poesi og galskap når dei tørkar støv av ein kjend og kjær klassikar i si noko utradisjonelle oppsetjing av “En glad gutt” av Bjørnstjerne Bjørnson.

Kåra til “Elevenes favoritt” under utdelinga av Den kulturelle skolesekken sin eigen pris. Elevjuryen meinte at framsyninga var svært enkel, veldig morosam og rett og slett genial.

Bjørnson unplugged vert vist for alle ungdomsskulane.

 

TRILOGIEN OM KRISTIAN HERTERVIG: II - DET LÆRTE - Konsert

Del to av multikunstnar Fredrik Høyer sitt tredelte verk om den post-traumatiserte vikarlæraren Kristian Hertervig som får jobb på ein barneskule. I denne konsert-delen av stykket møter vi Kristian nokre veker etter at han nesten fekk sparken. Han kjempar ein indre kamp medan han underviser i gym, KRLE og nesten alle andre fag. Rundt han vert kollegaene sjukemelde éin etter ein.

II - Det lærte vert vist for elevane ved Odda vidaregåande skule.

< Tilbake