HJELP! Vanlegvis skriv Anne bøker, men i dag får ho gjestar. Og korleis skal det gå når golvet ikkje er vaska og maten ligg som ingrediensar i kjøleskåpet? Flaks at ho kan få hjelp til alt ho måtte drøyme om av podkastmakar Tine Eide.
Sidan årets symposietema er HJELP!, har littsymp spurt nokre av deltakarane på årets festival om dei treng hjelp til noko. Vi sendte Tine avgarde for å hjelpe dei. Høyr podkastene for å finne ut korleis det gjekk.
Vil du møte
Anne Oterholm og lære deg å bli ein betre lesar? Då finn du ho på Litteratursymposiet i Odda 12.-16. oktober.
Høyr Littsympodkast nr 1 - Tine hjelper Anne Oterholm
Littsympodkastene er laga av Tine Eide. Tine er journalist og radio-makar. Ho vann nett prisen som årets radiotalent i Prix Radio, radioverdas største bransjepris.
Ho lager til dagleg podkasten TILkolon, radio-innslag til Salongen og andre program.