LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

Katalog 2020

forside%20katalog2020

Fredag på Litteratursymposiet 2020

God festivalfredag!

Den startar med tradisjonen Bikubegang klokka 11. Marit Eikemo, Lars Ove Seljestad og Kjartan Fløgstad er å finne på Snikkikk No. 15 Jondal og Snikkikk No. 15 Kinsarvik, medan formiddagen i Odda held fram med Ida Lødemel Tvedt om essayisme, Kvinnekroppen med stjernelaget Wencke Mühleisen, Maria Pasenau og Linn Stalsberg, før Terapigang med Frode Grytten og Henning Bergsvåg gir oss essensiell sjølvhjelp. Kommentatorteamet Frode Helmich Pedersen, Hilde Sandvik og ein førebels joker skal dissekere årets Nobelpris-tildeling i litteratur, som gjekk til Louise Glück. Vi skal innom Døden med Kjersti A. Skomsvold, Pedro Carmona-Alvarez og Ida Lødemel Tvedt, før Foreningen for by og bygd byr opp med digge, skakke tonar.

Utpå ettermiddagen stiller Marthe Valle med Ro/Uro-foredrag, Henning Bergsvåg er gjest på Sentralbadet poesi under leiing av Jens Kihl. Utroskap med Wencke Mühleisen, Nina Lykke og Marit Eikemo er perfekt reflekterande oppladning før Ein kveld med Tore Renberg tar oss inn i kvelden, medan Røldal kan glede seg over Stør og Sjampanjebrus.

PUH! Så mykje bra! Tiltak er på plass, vi er klare!
< Tilbake