LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

H. L. PHOENIX
ANDERZ EIDE
ANNE OTERHOLM
ARNFINN KOLERUD
BASTARD SONS OF ODDA
CHRIS TVEDT
DAVY WATHNE
DJ SIGAZ
DJ STERK
EINAR GELIUS
EIVIND RIISE HAUGE
ELISE WINTERTHUN
FANNY DUCKERT
FINN TOKVAM
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNAR STAALESEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GURO KVALNES
HENNING H. BERGSVÅG
HERDIS MOLDØEN
HÅKON OPDAL
JENS KIHL
KIM CHRISTER HYLLAND
KJERSTI MJØR
KRISTIN FRIDTUN
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS OVE SELJESTAD
LARS VIK
LENA LINDGREN
MAGNHILD BRUHEIM
MARIA KJOS FONN
MARIT EIKEMO
MORTEN LANGELAND
NILS-ØIVIND HAAGENSEN
ODDA UNGDOMSSKULE
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PER BUVIK
PER KNUTSEN
RUNE CHRISTIANSEN
RUTH LILLEGRAVEN
SISSEL GRAN
SKRIVEKUNSTAKADEMIET
STIAN CARSTENSEN
TEKSTALLIANSE
THEA SELLIAAS THORSEN
TOR ARVE RØSSLAND
TORGRIM EGGEN
TRUDE MARSTEIN
TUVA ØRBECK SØRHEIM
ZEBRA DUO
ØYVIND KVALNES

Katalog 2021

Program2021

Katalog 2021

Program2021

FORRÆDERENS GUIDE TIL NORD-KOREA

Forræderens guide til Nord-Korea
– ein annnleis vegvisar til verdas mest umoglege land

Etter eit tjuetals arbeidsopphald og reiser rundt i Nord-Korea over ein tiårsperiode, og ein serie verdskjente kunstprosjekt i tett samarbeid med landets kulturmyndigheiter, valde Morten Traavik hausten 2017 å avslutta forholdet.

No er han endeleg klar med boka han ikkje har villa eller kunna skrive før - ei ærleg, avslørande og engasjerande bruksanvisning til dette myteomspunne landet som mange har sterke meiningar om, men svært få har opplevd frå innsida.
Med det uventa og stadig meir inderlege venskapet med statstenestemannen «Mr. Win» som ramme, tek Traavik oss nærare livet til det tause majoriteten av dagens nord-koreanarar, som mot dei fleste odds prøver å leve vanlege og verdige liv i Kim-dynastiet sin skugge som kviler alle stader. Samstundes er det verken risikofritt eller utan kostnad å utfordra fasttømra fiendebilete, og den bokstavleg talt livsviktige tilliten og samholdet mellom dei vert satt under hardt press frå mange kantar.

Med varme, innsikt og glimt i auga, opnar Traavik opp både dei meir iaugefallande og dei hittil ukjende sider av det nord-koreanske samfunnet for lesaren, frå nullpunktet ved verdas mest militariserte grense (DMZ) mot erkerivalen Sør-Korea, via utstillingsvindauget og hovudstad Pyongyang til broa over Yalu-elva til storebror i Kina i nord. Men «Forræderens guide» er ikkje berre ei bok om landet Nord-Korea, men óg om dei som reiser dit - der ikkje alle kjem tilbake i live. Blant andre møter vi datanerden som i ei årrekke var landets talerør i Noreg, ingeniøren som ville læra nord-koreanarane lakseoppdrett og ein kommande rockesongar på verdskongressen til ære for  Kim Il Sung.

Møt Morten Traavik i samtale med Bjørn Olav Jahr.  
< Tilbake