LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

Årets tema: VRANG

Årets logo av Augon Johnsen er inspirert av Dag Solstad og Elias Ruklas paraplyu.

 

Litteratursymposiet vert kvart år planlagd rundt eit tema. Eit godt tema er kjenneteikna ved at det er samfunnsaktuelt, meiningsfullt i seg sjølv og at det byr på fleire tolkingar av begrepet. 

Det vrange er det som ikkje let seg rette ut. Det som går på tvers, strittar imot, nektar å følgje den rette lina. Vrang kan vere ei haldning, ein eigenskap, ein feil eller ei kraft. Det kan vere barnleg staheit, prinsipiell motstand, kreativ trass eller destruktiv vilje. 

Å vere vrang er å seie nei når alle andre seier ja. Det er å stille spørsmål ved det sjølvsagte, å gå motstraums sjølv om straumen verkar for sterk. Vrangskap kan vere ein måte å verne om seg sjølv på, ein måte å halde fast ved identitet, språk, kropp eller tanke. Det kan òg vere noko som stenger, skaper konflikt og gjer det vanskeleg å leve saman.

Litteraturen er full av vrange menneske: dei som ikkje passar inn, som nektar å bøye seg, som lagar uorden i systema. Vrange forteljarar, vrange livsløp, vrange språk. I motstanden og skeivskapen kan nye perspektiv oppstå, og det tilsynelatande feilaktige kan avsløre sanningar vi elles ikkje ville sett.

Vrang kan vere smertefullt og slitsamt, men òg frigjerande. Det kan vere starten på opprør, kunst og endring. 

Festivalen er vigd til det vrange: tankane som går skeivt, stemmene som ikkje vil teiast, tekstane som skurrar og strittar imot. Til det som gjer motstand – og dermed opnar for noko nytt.

Odda er ein vrang stad. Byen ligg pressa mellom fjell og fjord, forma av natur som strittar imot og ei historie som ikkje let seg glatte over. Industrien braut med idyllen, arbeidarkampen gjorde motstand til ein livsstrategi, og då fabrikkane forsvann, nekta Odda å late som alt var i orden. Her har utvikling aldri gått rett fram. Naturen minner oss stadig på grensene for kontroll, medan historia ligg ope i landskapet. Odda passar ikkje heilt inn i det norske sjølvbiletet – og nettopp difor trengst denne staden.

Å samle eit litteraturfestivaltema om Vrang i Odda er å gi språk til noko som alt finst her: motstanden, skeivskapen og viljen til å stå imot det enkle. Odda er ikkje vrang trass i historia si – men på grunn av henne.

 

< Tilbake