LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

Katalog 2022

Katalog for program 2022

Årets gjester

Kjende og kjære, store og bestseljande, debutantar og ukjende, og sjølvsagt nokre gjengangarar. Forfattarane som kjem til Litteratursymposiet i Odda i haust er mange, og like ulike som bøkene dei skriv.

Jan Guillou er ein av Skandinavias store forfattere og skribenter. Han møter sin gode venn Anne Holt i Odda.

Nils-Øivind Haagensen kommer endelig tilbake til Odda. Der møter han mange av sine kompisar: Ruth. Linda. Olav. Linn. Geir. Selma 

Geir Gulliksen, forfattar og redaktør, kjem for første gang til Odda.

Det gjer óg journalist og forfattar Jens M. Johansson og Helga Flatland, som lot sitt debutverk bli trilogi. Frå Stavanger kjem Arild Rein med sine beretninger fra underverden. Bergsveinn Birgisson, islendingen som har tatt lesarane med storm med si underfundige bok Svar på brev frå Helga, er óg førstereisgut på symposiet.

Gamle symposievenner tar turen tilbake til Odda i oktober. Pedro og Frode skal sjølvsagt underholde. Selma Lønning Aarø kommer snart.
Inger Bråtveit, Brit Bildøen og Lars Ove Seljestad har alle nye romaner i veska. Ruth Lillegraven har ny diktsamling, resultatet av eit nytt vennskap med ei eldre kvinne.  

Kjartan Fløgstad fyller 70 år i år, og det skal sjølvsagt markerast på Litteratursymposiet. Han reiser nok ein gang på tur med sonen: forfattar, journalist og redaktør Aslak Nore.

Oddingane Knut Olav, Lars Ove, Frode og Marit tar turen. Og vi synast det er stas å presentera ein debutant: Terje Sander. Han er bergenser, men bur i Odda, så då er han vel for tiden Oddaforfattar?

Barn og unge i Odda og Ullensvang får besøk av spanande forfattarar som kanskje kan trigge leselysta: Marg og Bein–forfattarane Arne Svingen, Ingunn Aamodt og Jon Ewo kjem med sine grøssande spenningsbøker. Forfattar og teikneserieskapar Anna Fiske tar meg seg heile sitt følelsesbibliotek, og nynorsk barnelitteraturs grand old lady Erna Osland kjem endeleg til symposiet. På SmåSymp blir det Hei Kalas! med Heidi Marie Vestrheim og venner.

 
< Tilbake