Stig Lundblad-Sandbakk (fødd 1979) er ein norsk musikarer frå Barstadvik på Sunnmøre.
Då han var ein neve stor, lærte han å spela gitar på faren sin akustiske Yamaha. Seinare starta han sin musikalske karriere som vokalist i progrock-bandet Woo i Ørsta. Som tjueåring flytta han til Bergen for å bli rockestjerne, og Woo gjorde det godt rundt om på nasjonale scener.
Etterkvart byrja han å skriva eigne låtar og lanserte soloprosjektet A Boy Named Sue, som seinare utvikla seg til eit fullt band. I 2007 gav bandet ut plata Selling Road Maps For The Soul, som opna dører til store konsertscener, inkludert By:Larm.
Stig si musikalske reise har sidan den gong strekt seg frå rock og prog til meir personlege og akustiske uttrykk. Han har sidan 2000-talet bidrege på scene og utgivingar med artistar som Heidi Marie Vestrheim, Hei Kalas!, Skatebård, Enslaved, Tåke, De Musikalske Dvergene, Heavykatten, Sinking Sea m fleire i tillegg til opptredenar som solo-artist.