Ruth Lillegraven (fødd 1978) er ein norsk forfattar. Ho kjem frå Granvin, og har no flytta heim til Hardanger.
Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga Store stygge dikt. Ho har gitt ut ei rekkje bøker i ulike sjangrar, for både born og vaksen.
Diktsamlinga Urd fekk strålande mottaking og for denne fekk ho Brageprisen i 2013. Lillegraven gav i 2014 ut diktbiografien Manilahallen, ein poetisk portrett av ei eldre kvinne, som vart hennar ven. Lillegraven klarar kunsten å skildre eit dramatrisk og vanskeleg liv med nok kjærleik og respekt til at biografien i diktform ikkje blir sosialrealisme, men ei vakker diktsamling. Ho har gjeve ut romanar og vore redaktør for diktantologien Disse dagene, dette livet.
Lillegraven har gjeve ut fleire bøker for barn: fire bøker om søskenparet Mari og Magnus, diktbøkene Eg er eg er eg er, som vart kåra til Årets vakraste skjønnlitterære bok for barn og ungdom i 2017 og Skogen den grøne. Saman med illustratør Jens Kristensen har ho laga serien om detektivgjengen Klodeklubben, som har fått internasjonal suksess. I 2023 kom barnediktboka Badesommar, illustrert av Mari Johnsen.
Hausten 2018 gav Lillegraven ut den psykologiske thrilleren Alt er mitt; første bok i ein planlagd trilogi om Clara Lofthus. Oppfølgjaren Av mitt blod kom ut i 2019, og sommaren 2025 kjem tredje og siste bok; Mitt neste liv.