Mannskoret Kor So Helst er ein gjeng staute karar i sin beste og nest beste alder frå Ulvik. Felles for alle er songglede og godt humør. Dei tykkjer ikkje det naudsynt med dirigent, og har inga krav om songstemme eller gehør. Det er heller ikkje møteplikt på øving. Kan dette bli bra? På speleplanen går det mykje i shanty og andre godbitar, nokre med eigne tekstar på nynorsk og hardingdialekt.