LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

ANNA KLEIVA
ANNA KLEIVA
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
DAG JOHAN HAUGERUD
DAG JOHAN HAUGERUD
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
HEDVIG MOE
HEDVIG MOE
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
STEIN TORLEIF BJELLA
STEIN TORLEIF BJELLA
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
ØYVIND RIMBEREID
ØYVIND RIMBEREID

INGER BRÅTVEIT

Inger Bråtveit (f. 1978) er ein norsk forfattar, oppvaksen i Suldal. Ho studerte litteraturvitskap, nordisk og teatervitskap i Bergen, og skreiv mastergradsoppgåve om Is-slottet. 
 

Bråtveit fekk mykje merksemd med debutromanen sin, Munn mot ein frosen fjord (2001), som ho fekk Nynorsk Litteraturpris for. Ho festa posisjonen sin som ein viktig samtidig forfattar med andreboka si, romanen Siss og Unn (2008). Hovudpersonane i boka er henta frå Tarjei Vesaas. For denne vart ho nominert til Kritikerprisen. Love Project (2009) var eit samarbeid med den svenske poeten Cecilia Hansson, og var Bråtveits debut som poet. Ho har óg samarbeidd med kunstnarar som Jenny Hval, og debuterte som barnebokforfattar i 2012, med biletboka Kven er snillast av mor og far?

I romanen Alice A4 (2015) syner ho gjennom språk og innhald at forelskinga har sin eigen absurde logikk, og at kjærleikens vegar er uransakelege. Bråtveit skriv med stor kraft om kjønn, klasse, makt og raseri. Dette er også vatn (2019) er ein hybridroman der personlege hendingar, essayistiske refleksjonar, dokumentarisk stoff og dikting vert blanda saman på nye og overraskande måtar. Dette er også vatn er ei bok om å vere dotter, mor, stemor, ektefelle, syster. Det handlar om fødsel og død, om kva som skal til for å halde seg skrivande, levande, og om korleis sanning og løgn verkar under ulike vilkår. Og om korleis liva våre er bundne saman, og korleis livet til eit enkelt menneske er forbunde med større kollektive og politiske strukturar.

I haust er ho aktuell med ny roman: "Vassarv": 

Ei mor køyrer med dottera fastspent i baksetet frå Oslo til staden ho kjem ifrå, ei bygd på Vestlandet. For dottera er det ein biltur gjennom timar og landskap, men for mora vert ei reise inn og ut av ulike tider, tilbake til heimstaden og oppveksten på eit lite gardsbruk.

«Vassarv» er ein roman om å vera fire år, om å ynskja seg eit kjæledyr, om å oppdaga verda på eiga hand, om mora si sorg og glede over å sjå barnet sitt veksa opp. Det handlar om overgangane i livet, om brota som fylgjer med i den naudsynte lausrivinga på veg til eit eige liv, i dotterskapen og morskapen.

"Vassarv" er ein rik roman, om minne, slektskap, tap og tilhøyrsle. Det er ei gripande og medrivande forteljing, full av subtile og kraftfulle rørsler mellom det kvardagslege og det storslegne, som aldri mistar av syne korleis livet brutalt går sin gang. 

Ved sida av å skrive eigne bøker, jobbar Bråtveit som skrivelærar ved Forfattarlinja ved Danvik folkehøgskole. Ho arbeidde for Det Norske Bibelselskap sitt revisjonsprosjekt Bibel 2011, og var jurymedlem då Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival kåra dei 10 beste norske forfattarane under 35 år.

Bråtveit fekk Bjørnsonstipendet i 2009.
 

Program

Tidligere program

Bedriftsbesøk: Inger Bråtveit (14.10)
BIKUBESALONG (05.10)
BØKENES BOK (07.10)
LITTERÆR HEILAFTEN (09.10)
LITTERÆR SPEED-DATE: BRÅTVEIT (06.10)
MEIR HIMMEL PÅ JORD (08.10)
MØT INGER BRÅTVEIT (10.10)
Novelleseminar (13.10)
Opplesing ved Inger Bråtveit  (16.10)
Sentralbadet poesi (15.10)

Tidligere program

Bedriftsbesøk: Inger Bråtveit (14.10)
BIKUBESALONG (05.10)
BØKENES BOK (07.10)
LITTERÆR HEILAFTEN (09.10)
LITTERÆR SPEED-DATE: BRÅTVEIT (06.10)
MEIR HIMMEL PÅ JORD (08.10)
MØT INGER BRÅTVEIT (10.10)
Novelleseminar (13.10)
Opplesing ved Inger Bråtveit  (16.10)
Sentralbadet poesi (15.10)
INGER BRÅTVEIT