LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

H. L. PHOENIX

Den prisvinnande forfattaren og illustratøren bak pseudonymet H. L. Phoenix blei fødd i 1982, og vaks opp i ein forstad utanfor Oslo. 

Han gjev ut den grafiske romanserien ARKIN - Lysets vokter, ein portal-fantasy for unge lesarar som har fått mykje merksemd. Han var mottakar av den første Ravneringene-prisen i 2022.  

Tidlegare har han gjeve ut Den lille høna med bæsj i ryggsekken og appen ved same namn er Noregs mest innhaldsrike interaktive e-bok.

H. L. Phoenix er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, personleg trenar og ernæringsrettleiiar og har over 20 års erfaring med arbeid med born og unge. I tillegg har han vore fast foredragshaldar på Guttekonferansen, som vert arrangert i samband med verdsdagen for psykisk helse. Der har han snakka til fleire hundre gutar i 10. klasse om å ha mot til å vere seg sjølv, ta gjennomtenkte val og kor viktig det er å kunne snakke om kjenslene sine. 

Denne hausten er H. L. Phoenix igjen aktuell med ny bok. Då kjem tredje bok i den nye serien Pirattvillingene. Dette er ein serie for dei yngste lesarane på 3-7 år om Tyra og Troy som kjemper mot fiendar i ei eventyrleg verd med fabeldyr og magiske amulettar.

Program

Tidligere program

RASKT EKSPEDERT (07.10)
2022

Program

H. L. PHOENIX

Tidligere program

RASKT EKSPEDERT (07.10)
2022
 H. L. PHOENIX  desc