LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

ANNA KLEIVA
ANNA KLEIVA
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
DAG JOHAN HAUGERUD
DAG JOHAN HAUGERUD
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
ØYVIND RIMBEREID
ØYVIND RIMBEREID

ANINE KIERULF

Anine Kierulf (f. 1974) er ein profilert jurist frå Oslo med cand. jur. frå Universitetet i Oslo og LL.M. frå Northwestern University. Ho starta karrieren sin som rådgjevar for Europarådet i ytringsfridomsspørsmål (2001-2005). 

Kierulf har arbeidd som advokat, dommarfullmektig, forskar, fagdirektør og spesialrådgjevar, og er ein mykje brukt og ettertrakta jussekspert, særleg innan temaet ytringsfridom. 

Kierulf er oppteken av at juss skal vere tilgjengeleg for folk flest, og i 2013 vart ho i avisa Natt & Dag kåra til «Årets stemme» for å vere «en forbilledlig formidler av jus i den offentlige debatten, og fordi hun protesterer mot en innadvendt og berøringsvegrende kultur i akademia». I 2015 fekk Kierulf Norges forskningsråds formidlingspris «for å være en viktig og troverdig stemme i offentligheten i spørsmål som angår menneskerettigheter og ytringsfrihet», og Akademikerprisen for «forskning og engasjement for ytringsfrihet og menneskerettigheter». Kierulf har også motteke Oslo Advokatkrets’ ærespris (2020) og Undervisningsprisen frå studentane ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo (2022).

Vidare bidreg Kierulf også til å gjere juss tilgjengeleg gjennom spalta "Med egne ord" i Dagens Næringsliv og som programleiar i podkasten «Takk&lov», som er eit samarbeid mellom Universitetsforlaget og Juristenes Utdanningssenter (JUS).

Program

Tidligere program

Tidligere program

ANINE KIERULF