Kim Christer Hylland (fødd 1991) er ein hardtslåande trommeslagar frå Odda, utdanna ved jazzlinja på NTNU i Trondheim. Han har vore involvert i band som Dreamarcher, Kristian Kristensen, The Fjords og sitt eige solo-prosjekt, OVN III, for å nemne nokre.
I 2018 gjorde han konserten "Blackout" i fordelingsstasjonen på Smelteverket, der det sto omlag 100 personar utanfor som ikkje kom seg inn, fordi det var fullt. Han fekk då oppdraget om å vere årets festivalmusikar året etter, med tingingsverket "Dommedagsmesse" i Lindehuset.
Når han ikkje sit bak trommesettet har Hylland mange jarn i elden som dagleg leiar for Sentralbadet Litteraturhus og eventfirmaet Bråkmakar som mellom anna står bak suksesskonseptet "Odda banker jula inn", i tillegg til å vere marknadskoordinator for den tradisjonsrike Røldalsmarknaden.