LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

ANNE GUNN HALVORSEN

Anne Gunn Halvorsen (fødd 1984 i Vikedal) er ein norsk forfattar og journalist. I 2017 slapp ho boka Livet og korleis leve det, følgt opp av Stress og korleis leve med det i 2019.

I 2020 debuterte ho skjønnlitterært med Arvingen, første ungdomsroman i serien Halve kongeriket som ho skreiv saman med forfattar og journalist Randi Fuglehaug. Arvingen vann Uprisen i 2021. Serien fekk i alt åtte bøker og dei to første har blitt til Netflix-filmar med stor internasjonal suksess.

I 2021 gav Halvorsen ut boka Ikke vær redd - en overlevelsesguide for unge, ei sakprosabok om frykt for ungdom mellom 12-18 år.

Halvorsen arbeidde tidlegare i Dagens Næringsliv som prosjektleiar for DN Talent. Ho har også vore redaktør for magasinet Dagbladet FREDAG og for gratismagasinet Spirit.

I 2024 kom første bok i Halvorsen og Fuglehaug sin nye serie, Barnehagen for magiske enhjørninger, og oppfølgjaren kom i år.

I haust er Halvorsen aktuell med boka Mitt internett: då www kom til Noreg.

Program

Tidligere program

Program

INTERNETT

Tidligere program

ANNE GUNN HALVORSEN