Norge vann nesten fotball-VM! Eller? Medan våre beste menn herja på grasmatta, tok i alle fall det norske folket VM-gull i roing. Kva står att som høgdepunkta frå verdsmeisterskapen i fotball? Og kven må skjerpe seg? Burde vaieren i England-kampen blitt stilt for riksrett? Kjem vi til å vinne EM i fotball i 2028? Og korleis ser vi på Haaland, Nyland, Nusa og dei andre heltane no når den opne bussen på Slottsplassen har køyrd heim og jubelen har stilna?
Det norske herrelandslaget i fotball har gitt oss mange nye spørsmål. Fotballentusiastane Linda Eide, Marte Michelet og Endre Rustad svarer! Lekre verbale driblingar og stygge sklitaklingar må påreknast.
Moderator: Asbjørn Slettemark

