Eit must for musikknerden!
Odda kino har ein fantastisk vintage kinohøgtalar frå 1957. Vi har pussa støv av Klangfilm Bionor-høgtalaren og funne ny plassering ved sida av billettluka i kinoen. Til kinofoajeen kjem fylkesdirektør og lydentusiast Per Morten Ekerhovd for å fortelje om høgtalaren og foreta offisiell nyopning. Frode Grytten les frå Bikubesong. Vi har funne fram ei vinylplate frå biblioteket si samling, men oppmodar publikum om å ha med eigne plater eller musikkynskje.
