Då Jon Michelet døydde i 2018, vart Marte Michelet oppmoda frå fleire hald: Du må skriva om far din! For Marte vekte det berre motvilje. Ei bok om pappa? Nei takk. Heilt til ho ein sommar får det for seg at ho skal "laive" han. Ho har eit hotellrom for natta, på konto står eit lite stipend, og nokre lause ferieveker ligg framfor henne. Så ho seier som kristenfolket: What Would Jon Michelet Do?
Resultatet vart boka Det har skjedd verre ting i utlandet; ei forteljing om å veksa opp langs partilinja, om fordelar og ulemper ved Theatercafeen, om å tilhøyra dei suspekte utlendingane i Lusaka, om oppturar og nederlag, og om å lære seg å gå som ein mann.
