LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.–4. oktober

Filosofisk frukost

Husfilosof Øyvind Kvalnes med filosofisk vranglære. Billetten inkluderer frukost.

Dei siste åra har filosofen Øyvind Kvalnes vore oppteken av friksjon og usemje. Utan motstand held vi fram i dei same støvete spora som tidlegare. I eit friksjonsfritt fellesskap overlever dårlege idear og vanar. Vi treng trening i å møte menneske med andre perspektiv enn oss sjølve. Algoritmane styrer oss inn i sosiale rom der vi berre møter folk som er til forveksling like oss sjølve. Når vi støyter saman med annleistenkjande blir ordskiftet gjerne skarpt, uforsonleg og hardt. Kvalnes er inspirert av Arne Næss si setning «I en atmosfære av vennlighet kan man tåle mye fra andre». Næss dytta gjerne tidlegare fiendar og folk med motsette meiningar inn i same rom for å få dei til å sjå kvarandre inn i auga og snakke saman.

Vi treng dei vrange motstemmene for å skjerpe eigne tankar og livsvanar. Den første verkeleg vrange filosofen var Sokrates, som stilte brysame og irriterande spørsmål til borgarane i bystaten. Ikkje rart at han vart dømd til døden! I sokratisk ånd inviterer vi til frukost. 

NB! Billetten inkluderer frukost.

 

Filosofisk%20frukost

Pris

250

Dato og tid

03.10 kl. 10.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

ØYVIND KVALNES
ØYVIND KVALNES