LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.–4. oktober

Vinter, vinter, vinter, vår

Frode Grytten i samtale med Marit Eikemo om si nye bok.

Akkurat i tide til årets symposium kjem Frode Grytten med ny roman. Og ikkje kva roman som helst; ein Odda-roman! Handlinga er lagt til den vrangaste byen på Vestlandet - heilt i tråd med årets tema.

Vinter, vinter, vinter, vår handlar om Olga og Martin som driv restauranten Buarheim i Buardalen. Ein kveld forsvinn Martin sporlaust. Han har tidlegare nekta å servere politikarar som i lang tid har pressa på for å bygge hotell og gondol der. Ordføraren og investorane vil gjerne gjere Odda Great Again. Martin er kompromisslaus og vil ikkje gi seg. Men så kjem han ikkje heim igjen etter kveldsturen sin.

Vinter, vinter, vinter, vår er ein roman om kjærleikssorg, om å reise seg igjen, og om å ta opp kampen mot kreftene som vil øydelegge alt som gjer det verdt å leve.

Frode Grytten i samtale med Marit Eikemo.

 

Vinter_%20vinter_%20vinter_%20v%C3%A5r

Pris

200

Dato og tid

03.10 kl. 14.00

Sted

ODDA KINO

Medverkande

FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO