LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.–4. oktober

Colette

Margunn Vikingstad held foredrag.

Sidonie-Gabrielle Colette (1873-1954) er ei av dei mest markante forfattarane i moderne fransk litteratur – ein forfattar som skreiv seg rett inn i historia med eit skarpt blikk for kropp, begjær, identitet og fridom. Ho skreiv ofte med utgangspunkt i eige liv, og utvikla eit litterært uttrykk prega av psykologisk innsikt og sanselege skildringar som både er presis, sanseleg og overraskande moderne. Colette var fleire gonger nominert til Nobelprisen i litteratur.

Vandraren (La Vagabonde) frå 1910 er den første romanen Colette gav ut i eige namn – og eit vendepunkt i forfattarskapen hennar. Her trer ho for alvor fram som ein sjølvstendig og presis observatør av kvinneleg erfaring.

Romanen følgjer ein kvinneleg scenekunstnar som lever av talentet sitt i Paris etter eit brot med ekteskapet. Ho balanserer på ein knivsegg mellom økonomisk utryggleik og kunstnarisk fridom, mellom sårbarheit og sjølvstende. Når ein velståande beundrar byr henne eit liv i tryggleik, blir ho stilt overfor eit val: Skal ho gje etter for ønsket om kjærleik og tryggleik, eller halde fast ved fridommen?

Margunn Vikingstad (f. 1971) er ein norsk litteraturkritikar og omsetjar. Ho har m.a. omsett fleire teaterstykke frå fransk og engelsk, i tillegg til Gustave Flaubert sin roman Madame Bovary, og Marcel Prousts Swanns kjærleik, frå fransk til nynorsk. Desse og Vandraren er alle del av Skald sin serie med verdsklassikarar på nynorsk.

 

Colette

Pris

150

Dato og tid

02.10 kl. 12.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

MARGUNN VIKINGSTAD
MARGUNN VIKINGSTAD